Det var utruleg kjekt å følge både heilt nye og litt meir erfarne dommara under Tafjordcup’en. Det er gledelig å sjå kor dei utvikla seg på kort tid og mange hadde ein enorm progresjon frå første til siste kamp. 9 nye barnedommarar gjekk kurs 1.oktober og 8 av desse fekk dømme sine første 10 års kampar på cupen.
Aksla hadde til saman 13 dommarar på cupen, og dømte frå 10 til 15 år. Samla dømte Aksla-dommarane rundt 120 kampar. Aksladommarane fekk dømme finale G13 og finale J15😀. Det er fantastisk!!
SIF/Hessa er veldig fornøgd med gjennomføring og levering, og glade for alle som bidrog.
Vi gler oss til ny sesong ilag med våre lovande Aksladommarar!